Kunstneropphold i Volda
Seanse har som mål å stimulere til kunstproduksjonar av høg kvalitet til barn og unge over heile landet, og vil vere ein kompetanse og utviklingsarena for samarbeid mellom barnehage, skule og kunst.
Arbeidsopphald:
Kunstnarar er velkomne til å søkje arbeidsopphald i Volda. Vi gir støtte til reise, opphald og dagpengar og tilbyr rom, utstyr og rettleiing etter avtale. Vi kan legge til rette for møte med målgruppa, og organiserer prøveframsyningar der det er tenleg.
Fellesveker: Vi vil gjerne samle fleire kunstnargrupper om enkelte veker der det høver. Søknaden skal innehalde:
* Utfylt søknadsskjema
* Prosjektskildring
* Finansieringsplan for prosjektet
* CV for hovudaktørane
Etter opphaldet ber vi kunstnarane sende inn eit rapportskjema.
For mere info og søknadsskjema http://www.seanse.no/